Fiske

Med 392 vatn og innsjøar som dekkjer 12% av det totale arealet i Fyresdal, er moglegheitene for ein vellykka fisketur store. Aure er den mest vanlege fisken, og denne finn du i meir enn 90 prosent av fiskevatna.

 

Fiskekort

Kommunen er dela inn i 5 fiskekortområde organisert i Fyresdal Fiskefond. Desse områda har eit felles fiskekort. Den som vil fiske må bestemme seg for kva kortområde han ønskjer å fiske i. Mot eit lite tillegg i prisen kan ein med same kortet fiske i meir enn eitt område. I tillegg til den delen av kommunen som er organisert i Fyresdal fiskefond er det også eit par område med eigne fiskekortordningar. Under omtala av kvart enkelt fiskeområde finn du informasjon om kva for fiskekort du treng og kor du får kjøpt det.
Fiskekort på SMS – sjå info her(pdf). 

 

Fiskekort på nett – kjøp fiskekort på inatur.no

 

Fiskeguide for Fyresdal – last ned gratis pdf. versjon her

 

Fiskeområde:

 

Nr Områdenavn Passer for
1 Fyresvatn familietur /sportsfiske
2 Valebjørg familietur /sportsfiske
3 Momraksheia og Strondtjønn sportsfiske
4 Nutetjønnane og Hønetjønn familietur /sportsfiske
5 Husstøylvatn og Rolleivstadvatn familietur
6 Sveinsheia sportsfiske
7 Øyuvsvatn familietur /sportsfiske
8 Finndøl til Haukrei familietur
9 Kleppsvatn familietur /sportsfiske
10 Åslandsheia sportsfiske
11 Birtedalen nord for Birtedalsvegen sportsfiske
12 Birtevatn familietur
13 Hengeltjønn familietur
14 Fiskevotnæ sportsfiske
15 Drang familietur

Categories:

Tags:

Comments are closed