Til alle tider har nordmenn gått på ski, også i Fyresdal. I ”gamle dagar” laga vi eigne låmer og jorda på gardane var som eit korstingsbroderi av skiløyper. Men tidene endrar seg og preparerte løyper er meir eller mindre blitt eit krav i tida. Under finn du ei kort omtale av nokre av dei skiløypene som er i bygda.

Vil du har meir informasjon ta kontakt med turistinformasjonen. Her finnes både brosjyre og kart som viser kor du finn løypene. Løypene har ulik vanskegrad og tek oss med frå dalbotnen og opp til snaufjellet. Løypene er køyrde med snøskuter, og spormaskin ( ljosløypa på Veum) kvar helg i vinterhalvåret med atterhald om vêr og snøtilhøve. Så kom deg opp av ”godstolen” spenn på deg skia og nyt den vakre og flotte naturen vi har i Fyresdal.

 

 

 

 

Categories:

Tags:

Comments are closed