Hamaren tretopptur

Tretoppvegen er bygd i eit inkluderande design (for å møte behova til størst mogleg antal menneske). Tretoppvegen er ca. 1 km lang og 2 meter brei, og den er universelt utforma. På toppen endar vegen i ein utsiktssirkel på 45 meter i diameter – her kan du nyte utsikten over Fyresvatn frå 15 meter over bakken! Tretoppvegen fylgjer konturane i landskapet, og hentar høgde frå landskapet for å gjere stigninga mest mogleg universell.